Politihunden Falk på nattevakt

14

description

Ny bok om politihunden Falk!

Transcript of Politihunden Falk på nattevakt

Page 1: Politihunden Falk på nattevakt
Page 2: Politihunden Falk på nattevakt

Alfa-Bravo-Charlie Delta-Echo-Foxtrot

Golf-Hotel-India Juliette-Kilo-Lima

Mike-November-Oscar Papa-Quebec-Romeo

Sierra-Tango Uniform-Victor-Whisky

X-ray-Yankee-Zulu Ærlig-Østen-Åse

DET FONETISKE ALFABETET som politiet bruker:

Page 3: Politihunden Falk på nattevakt

Illustrert av Odd Henning Skyllingstad

Tone Nørvåg

Politihunden Falk

På nattevakt

SamlagetOslo 2012

Page 4: Politihunden Falk på nattevakt

5

1

Endå ein forblåst dag går mot kveld på

Holmøyane. Den stive kulingen har løya,

og i hamnene ligg det frosne sjarkar som

har søkt ly for den viltre vinden. Lauvet ligg

tjukt og vått på bakken i sprakande fargar.

Det er ingen tvil om at hausten er her.

– Hanne! Det er på tide å vakne! Morten

dultar lett borti kona, som snart skal på

nattevakt. Ho søv samankrølla under eit

prikkete pledd på sofaen.

Page 5: Politihunden Falk på nattevakt

6

Ute i gangen ligg ein hårete kar med

øyra på stilk. Falk lettar på hovudet når

han høyrer stemma frå naborommet. Han

sprett elegant ut av korga og rundar hjørnet.

Føtene jobbar som trommestikker, og den

store kroppen heng så vidt med. I farten

gløymer han heilt kor glatt parketten er, og

seglar bortover golvet på fire stive bein. Han

må setje rumpa i golvet for å bremse.

– Det var no grassat til fart på dinna

karen, ler Morten då han får Falk deisande

rett i fanget. – Du er verkeleg ein ivrig

arbeidskar! Falk slikkar husfaren på kinnet,

og auga hans leitar etter henne i sofaen.

Er der liv? Inntulla i rosa og raude prikkar

sit Hanne og lagar tøysefjes til karane. Ja,

Hanne ser utkvilt ut, det lovar bra!

– Falk er alltid gira på nye eventyr, seier

Hanne glad, og legg til: – Akkurat som eg!

Page 6: Politihunden Falk på nattevakt

7

Page 7: Politihunden Falk på nattevakt

8

Nattevakta startar på politistasjonen.

I garasjen står hundebilen, den dei kallar

Victor 3-0. Halen til Falk viftar fram og

tilbake der han tassar rundt i garasjen og

snusar inn alle dei kjende luktene. Her er

mange skattar for ein nysgjerrig kar med

snuten på rette staden. Han svinsar rundt

mellom inntaua syklar og beslaglagde

krabbeteiner, medan Hanne står med

hovudet i bagasjerommet. Ho kryssar av

på sjekklista, alt utstyr må vere på plass!

På korktavla ved døra til garderoben

heng viktige meldingar om etterlyste bilar,

båtar og personar. Falk labbar bort og går

opp på bakbeina. Sanneleg har det kome

eit nytt bilete sidan sist! Eit rundt fjes med

bustete augebryn, kinnskjegg og ein lang

lugg som heng slapt ned i auga. Falk knurrar

lågt.

Page 8: Politihunden Falk på nattevakt

9

Page 9: Politihunden Falk på nattevakt

10

– Ja, Falk, han karen der må vi kike

etter i natt! Hanne tappar peikefingeren sin i

panna på den avbilda.

– Dagfinn Hoff, populært kalla Doffen,

er mannen vi er ute etter. Hanne tek ned

papiret og studerer biletet. Falk pip – kva står

det meir?

– Doffen skulle ha tilbrakt hausten

i kretsfengselet, fortel Hanne. – Han er

etterlyst for fleire innbrot og ran. Sjå nøye på

han, Falk! Doffen er sleip som ein ål og har

lurt seg unna lenge.

Falk granskar biletet grundig og

skundar seg bort til bilen. Han hoppar lett

inn i buret sitt. Det skal ikkje stå på han, no

vil han av garde!

Klokka er halv elleve om kvelden når dei

forlèt stasjonen. Hundepatruljen har både

Page 10: Politihunden Falk på nattevakt

11

små og store øyar i området sitt, og dei skal

innom mange adresser før det vert morgon.

Kanskje finn dei Doffen på ei av dei? Bak i

buret ser Falk verda gjennom gitteret, men

han føler seg ikkje fanga. Tvert om. Det er

han som er på jakt!

Hanne tek av mot Knausen og svingar

rundt Steinrøysa. Falk merkar at det går

oppoverbakke, og plutseleg ser han noko

mørkt kome mot bilen i stor fart. Hanne set i

eit lite rop og tvingar rattet hardt til venstre.

Ho legg bilen heilt i vegkanten for å unngå

å krasje. Falk vert trykt mot buret, men det

toler han. Han snur seg kjapt rundt for å få

med seg det som skjer.

– Kva i himmelens namn, kviskrar

Hanne. Falk kan høyre på stemma hennar at

ho er redd. Ho set på blålysa og spring bort

Page 11: Politihunden Falk på nattevakt

12

til vegkanten. Falk vert ståande att åleine

i den blinkande bilen. Om berre buret vart

opna så han kunne kome etter!

I vegkanten ligg ein velta sykkel.

Under sykkelen ligg ein gut. I lyset frå bilen

kjenner Hanne igjen Simon, den ti år gamle

sonen til dokter Bakken.

– Skadde du deg? spør Hanne engsteleg.

Ho får eit lite nikk til svar.

Page 12: Politihunden Falk på nattevakt

13

– Ankelen min, klynkar Simon. Han

svelgjer gråten og peikar på høgrefoten.

Foten ligg i klemme.

– Der skremde du meg skikkeleg, unge

Bakken, seier Hanne og lirkar guten forsiktig

fri frå sykkelen. – Det var litt av ein fart du

hadde. Og ikkje noko lys! Ho kikar strengt

på guten. – Jammen godt du landa mjukt i

graset då du mista styringa, og ikkje oppå

panseret mitt!

Simon ser heilt fortvila ut. Framhjulet

på sykkelen han lånte av storesystera, er

bendt også. Kva vil ho seie?

– Har du ikkje sykkelhjelm? vil Hanne

vite.

– Jau, heime så, svarer Simon flau. Han

tørkar tårene på jakkeermet og rettar på den

raude strikkelua med Liverpool-merke.

– Eg var på veg heim, skulle ikkje

Page 13: Politihunden Falk på nattevakt

14

sykle langt … Unnskyldninga er tynn og

skranglete, han høyrer det. Hanne smiler

trøystande, løftar Simon forsiktig og ber han

bort til patruljebilen. Ho lirkar av han skoen

så varsamt ho kan. Ankelen er nok forstua,

og allereie både hoven og blå.

Falk ventar rastlaus i buret, han vil ut

og helse på guten! Han gøyr og krafsar på

gitteret heilt til Hanne opnar luka og slepper

han ut. Lett på tå trippar han rundt og

snusar og helsar. Simon klør Falk forsiktig

bak øyra. Falk svarer med å sleikje Simon på

kinnet til guten ler med heile seg.

Hanne og Falk køyrer Simon heimover.

Han gliser nesten heilt rundt, der han sit

i baksetet og held rundt Falk. Eit tappert

tårevått smil, med høgrefoten oppe i setet og

ispose på ankelen. No skulle kompisane ha

sett han!

Page 14: Politihunden Falk på nattevakt